Klær leker og utstyr til barn frå 0-12år

onsdag 14. desember 2011

Opningstider i desember

Kvardagar 10-19
Lørdag 10-15


EKSTRA
Fredag 16.des 10-20
SØNDAGSOPE 18.DES 14-18
SEINONSDAG 21.des 10-22

Vesle julaftan 10-16
Julaftan 10-13

Romjula har vi ope:
28.29.30.des frå 11-14

(3.juledag og nyttårsaftan STENGT)

Velkomne skal de være alle mann!.. :)

onsdag 30. november 2011

Kveldsope i gågatå i Volda!!

KOSEKVELD I GATÅ TORSDAG 1.desember
Fem gode naboar held imorgon, torsdag ope til kl. 21, slik at mor og venindene kan besøke oss og la far, evt. barnevakta ta kveldsstellet. Eg håpar alle som har tid denne kvelden tek turen! Du får denne kvelden god tid til å handle i ro og fred, vi skapar julestemning med gode tilbod, fakklar og noko lite å bite i.. :)

Ko:ko-designer Stine Goksøyr, besøker nabobutikken "Kle og Kaffi " og lagar motevisning i butikken kl. 19.

På Hurlumhei blir det besøk av ein lokal designer frå Ørsta, Mo9ca Design. Ho designar og syr alle kleda sjølv. Dette er fargerike og supre kle til både gut og jente. Ho tek med seg det ho har laga og sel på butikken frå kl 15-21.
Dette er heilt nytt for oss så dette gler vi oss til.. :) Ho kjem også til å ta opp bestillingar om nokon ynskjer det... :)
Legg ut litt bilder av noko av det ho har med..







Ellers kjem vi til å gjere vårt beste for våre kundar denne kvelden.. uansett om det er julegåver eller det perfekte juleantrekket de er ute etter.. :)
Tilbod på Hurlumhei blir i morgon:
20% på alle vinterdress frå Mikk Line og vognposar (utanom Voksi)
30% på alle kle frå Villervalla og Katvig (ikkje regnkleda frå Katvig)

Velkomne til kveldsopne butikkar i morgon, torsdag 1.des! :)

fredag 4. november 2011

Og vinnaren er.....

Gry Susann Standal Kolås!!!

Gratulerer du kan hente eit regnsett frå Abeko i butikk når det skulle passe... :)

GOD HELG!!!
PS! no har eg hengt fram første del av julekleda... ;)

onsdag 26. oktober 2011

Abeko regnkle -vinn eit gratis sett!

Denne veka har hausten vist seg frå si beste side med sol frå skyfri himmel og fine temperaturar. Og dette håpar eg alle nyt medan dei kan! ;) Men no har vi iallefall endeleg fått inn regnkle, regnvottar (med og utan for) og sydvest frå det kjente merket Abeko som mange har god kjennskap til! Regnklea kom sigrande ut i årets test av regnkle! Og det vil nok bli fleire våte dagar før vinteren sett inn for fullt vil eg tru..;) Vi har det inne i lilla og i turkis/svart, str 80-130.


Tenkte eg skulle gi vekk eit sett gratis!! Så om du delar sida/innlegget vårt på facebook eller blogg kan du være den heldige vinnar! Skriv inn under kommentar-feltet her på bloggen eller under innlegget på favebook! Eg trekkjer vinnar neste fredag (4.nov) ! !





torsdag 20. oktober 2011

Vinterdress sa du??

Idag fekk eg kosta bil for første gong i år... snøen kjem lenger og lenger ned... Brr... Kaldt er det også! Har du funne ut korleis du skal kle junior for å halde han/ho varm og tørr i vinter?? Om du fortsatt er usikker kan eg tipse om vår supre dress frå Mikk Line.. Har nok sagt det snart 1000 gongar.. men denne er verkeleg super. Vi har den frå 1-10 år, i ulike variantar med fast for og laust for... prisar frå 899,- Om du vil sjå test-resultat har eg link til den danske forbrukartesten (i Danmark er Mikk Line stort.. og no kjem den for fullt i Norge)
TRYKK HER FOR Å SJÅ TESTRESULTAT
Som de ser kom den på 2.plass og Reima på 3.plass. Og det er vel meir enn godkjent? ;)
Det minkar litt i strørrelsar... men om du er rask kan du være heldig å finne rette størrelsen før det blir tomt. Ellers slenger eg med annonsa som kom i Møre idag... :) Mange gode tilbod denne helga!



torsdag 6. oktober 2011

Mykje nytt... :)

Ja, no er det verkeleg mykje nytt i butikken... Det er haustferie, men sjølv om været ikkje spelar på lag så tek folk heldigvis turen innom alikevel. Alltid kjekt med feriefolk innom. Og veeeldi kjekt å få skryt for fine varer... kreeemt... ;) På bildet ser det noko av den nye serien som kom i går frå JOHA. 100% ull i super kvalitet.. Til gutta kom den i blå med elg i staden for blomst på... Bukse, body, genser og bukse. Denne er veeldig populær! ;)



Og idag kom det endeleg nye varer frå Villervalla!!!! Sjå desse fine fargane.. treng eg seie noko meir?? ;)





Så... då har de fått litt smakebitar på kva som kom! Mykje nytt som vi ikkje har hatt inne før. Og no har mange fått hatt Villervalla i hus og fått testa kvaliteten... så nå går desse varene fort. Og ingenting gjer meg meir gla! Dette er jo ein av mine store favorittar! :) Fekk også kassevis av nytt frå Name It denne veka. Har ikkje bilde no, men ta heller turen innom butikken å sjå! ;)


Ha ein fortsatt super haustferie for de som har det! Så får vi krysse fingrane for at det snart sluttar å regne så innmari! ;)

onsdag 21. september 2011

Barnas dager i Volda denne helga... :)

Ja, denne veka håpar eg det blir mykje kjekt for dei minste.. :) Det er nemmeleg Barnas dager! På butikken renn det inn med varer kvar dag! Det er så mykje fint inne no!!! Og folk har tydelegvis starta å gjere dei små klare for kaldare tider.. ull, dressar, vottar, huer... Det går mykje varer ut no! :) Og det er jo høgsesong for bytte til vinterpose, det merkast! Vi har denne helga tilbod på Voksi-pose. Denne prisen får de kunn denne helga, og antalet posar er begrensa... ;) Stikk innom oss då vel!

tirsdag 13. september 2011

ERGO BABY


Ergo bæresele er eit rimeleg og lett alternativ til bæremeis. Den gir riktig støtte til både deg og barnet ditt og er lett, enkel å bruke og svært komfortabel. Du kan bære barnet på ryggen, magen eller hofta. Selen i seg sjølv veg berre 450 g, og barnet kjem heilt tett inntil ryggen din noko som gir ein heilt anna bæreopplevelse enn ei bæremeis når du bær på ryggen.

Ergoselen kan brukast som den er frå barnet er ca 3 mnd (7 kg) men med det formsydde babyinnlegget i bomull som kan kjøpast separat ligg barnet trygt i bæreselen frå fødselen av. I starten bær du barnet på magen, frå barnet er rundt 5 mnd kan du også bære på ryggen. Du kan fint bære barnet til det er 3-4 år eller mer (selen er testet for opp til 41 kg, men bær ikke lange perioder om gangen med barn over 18 kg om du ikke er vant til å bære på denne måten.


Ergo bæresele blei kåra til Best i test i svenske Föräldrar & Barn hausten 2010!No er den på plass på HURLUMHEI! Vi har den inne i ulike design.. :) Kom og prøv den, og sjå kor enkel den er i bruk.. :)

torsdag 8. september 2011

Sophie La Girafe

Sophie La Girafe er ei svært omtala barneleike som er ypperleg for små barn med såre gummar. Ho såg dagens lys i Frankrike i 1961 og har sidan den gong blitt gitt i gåve til millionar av små barn verda rundt! Det selgast ca 800.000 av denne herlege, vesle sjiraffen kvart år. No er den på plass i hyllene i Volda... :)



torsdag 1. september 2011

Hurlumhei på ROVDETWIST!!...

Har du lagt planar for helga??
Om du ikkje har det så er det mykje som skjer på Rovde (mi heimbygd i Vanylven for de som ikkje veit kor det er..) denne helga! Årets happening er ROVDETWIST... Og i år har eg sagt ja til å stille med salgsbod.. :)
Dette blir spennande... første gong for meg! Men eg trur det blir veldig kjekt!
Det blir mykje som skjer frå kl 10-17, med aktivitetar for borna: hoppeslott, ansiktsmaling, fiskekonkurranse, tombola, klovnen Tita, hesteriding og mykje mykje meir.... :)
Ellers blir det mykje god mat å få kjøpt, underhaldning av ymse slag, MC oppvisning og parade... Og kvelden blir avslutta med bygdedans der Vestlandsfanden spelar!
Ta dokke ein tur då vel!!!!
Eg kjem til å ha med nokre varer med ROVDETWIST pris... altså billig billig... ;) Og ellers mykje forsjellig fint.. ;) Kom kom!!! :)

tirsdag 30. august 2011

På tide med ei oppdattering...


No nærmar også denne månaden seg slutten... kvar blei august av??? Her på butikken har eg hatt super travle, superkjekke dagar.. og har fått inn super mykje fine varer! Ikkje for å skryte... eller.. det tykkjer eg faktisk at eg kan gjere. For det er ikkje berre eg, men alle som er innom synes haustvarene er heilt topp! :) Og kjekt er det.. :) Ulldressen som de ser på bildet er vi faktisk snart tomme for.. den er berre super mjuk og god... og i 100% ull, og ingenting er så godt å ha på kroppen som ull no når det byrjar å bli kaldare. Men for de som har bekymra dykk for at det allereie har blitt utplukka i størrelsar på ulla.. det kjem mykje, MYKJE meir!!! Ta det heilt med ro... eg har satt opp ulike leveringar heilt fram til feb 2012.. :)


Og som mange allreie har fått med seg så er vinterdressane frå Mikk Line på plass. Mange har sikra seg dressar og fått dei i hus, og det ser ut som om det kan være lurt... :) For dette er dressar som borna kan ta i bruk allereie no! Den har for i ull-fleece (som i seg sjølv er ein super dress og kan brukast under regnkle, til å sove ute i vogn o.l...). Så om du tek ut foret kan du bruke dressen no... med for i vinter, og fortsette utover våren uten for.. Heilårsdress! Den er vasstett 8000mm, og held varmt ned til -25
Ellers kunne eg har ramsa opp side opp og side ned med varer som er komt siste vekene.. det skal de sleppe.. ;) Men eg kan gi dykk nokre stikkord:
Stonz i nye design
Masse stilig frå JaBaDaBaDo
Dunpose frå Ticket to Heaven
Lammeskinn-pose
Regntrekk til vogn med stilige print
Mykje kjekke ting frå CarloKids
Ull/bomull
100% ull nattdress, body, trøye og longs
Nye varer frå Name It kvar dag!
Og mykje mykje meir... :)
Ta deg ein tur då vel!

fredag 12. august 2011

Kvardag igjen...



Då er ferien for i år... vi fekk fantastiske veker i Sverige! :) Dagen etter vi var komt heim var det ein dag på jobb for meg før eg sette meg på flyet til Oslo for motemesse og innkjøp for våren 2012! Ekstra spennande sidan det blei det første store innkjøpet for meg åleine (utan Eli).. men det gjekk faktisk over all forventning! Som vanleg var det aaaaalt for mykje fint å velgje i.. men eg er så fornøgd med det som enda opp på mine bestillingslister! De kan berre gle dykk!!



Men dette er altså til våren... laaangt opp og fram.. No har dei fleste byrja på jobb og ungane i barnehage. Og over helga er det skulestart og kvardagen er her igjen.. Trur dei fleste synes det er greit å kome seg i rute igjen.. ;) Eg kjenner iallefall at eg er klar for det! Nye varer kjem kvar dag no!!! Det er berre så spennande å åpne kasser å få varene ut i butikk! Det er noko av det kjekkaste eg veit!! Og eg merkar at kundane er like klar som meg og gjer seg klar for haust og kaldare tider. Det er allereie stor etterspørsel etter både ull, vinterdressar o.l.. Eg ventar mykje ull i neste veke, og vi har fått inn litt frå Name It.. :) Vinerdressane må de nok vente ein månad til på.. minst! ;) Men eg har fått inn dunposar frå Ticket 2 Heaven. Fantastiske vinterposar i super kvalitet! Populære!! :) Ellers byrjar veggane å fyllast opp med kvardagskle til liten og stor.. :) Første levering frå Villervalla er allereie på plass i hyllene, kle frå Name It kjem det kvar dag.. og mykje.. veldig mykje er på vei!! Regnar med å ha varer både frå Katvig, Joha og Me Too (nytt merke denne hausten) på plass i neste veke.. :) Å kor mykje fint vi skal få kle opp våre små håpefulle med denne hausten!! ;)

GOD HELG!!


onsdag 20. juli 2011

Storsal... 70%

Då er eg komen til min siste arbeidsdag før ferien!! Gjett om eg gler meg til å fare på tur med desse galningane her:Sjølv om det har vore ein super vår og sommar så langt, med mykje besøk og god handel så må eg innrømme at eg gler meg veldig... :) Men.. plutseleg så er eg her igjen.. 2 veker suser nok fort! Men Elisabeth er heilt klar! Og eg er sikker på at ho klarar seg heilt fenomenalt! :)
Idag var eg tidleg på jobb for å ordne å fikse ymse... ikkje minst rydda og ordna til storsal! Masse flotte varer har eg no sett ned med heile 70%!! Name It, Costbart, Wheat.... Og kle frå Katvig og Villervalla får du no 50% på... :)
Ta deg ein tur då vel???
Velkommen skal de være alle mann iallefall ! ! !
Og masse lykke til Elisabeth!!

fredag 15. juli 2011

4ME Fusion+

-trilla som har alt!

Trilla har regulerbar rygg med god liggestilling, handlekorg, avtagbar frontbøyle, kalesje, justerbart fotbrett (nytt!), Airfill i sittedelen som gir god sirkulasjon, 5 punktsele og transportbag for oppbevaring på reise. Alt dette er inkludert!

Vogna er enkel å legge saman og superlett å trille med fjæring på alle hjul og svingbart forhjul. Det er også mulig å montere MaxiCosi Cabriofix på vogna, adapter er inkludert! Er det rart dette er ein favoritt?? Det er den perfekte reisetrille, og kan brukast frå barnet er heilt liten.. :)

Mål

Rygg 40 cm
Sete 24 cm

Sammenlagd L 72 cm, H 27-40 cm, B 35 cm

Vekt (berre) 6kg!

Så ta deg turen innom å sjå på trilla... den er svært så fin å sjå til også.. ;) Har 4 på lager no, resten var forhånds solgte.. ;)

Pris 1699,-


Vi fekk også påfyll av trilla 4ME Malmø... i lilla og blått.. pris 299,-

Ha ein flott fredagskveld så ser me kanskje i morgon?? :)

Det minkar på salgsvarer, men fortsatt mykje igjen!... og haustnytt kjem kvar dag.. Du finn garantert noko som fristar.. :)

mandag 11. juli 2011

Ferie??

Eg kjenner feriemodusen kjem krypandes.... den sig innover meg... ungane mine er allereie i feriemodus etter ei super langhelg med besteforeldre og tanter. Men vi er ikkje heilt i mål endå... Ei veke (pluss 3 små dagar..) så tek Elisabeth over Hurlumhei i 2 veker! Tjooohei så kjekt ho skal få det! I Volda er feriefolket allereie på plass og det er nye fjes innom dagleg med handleglade sommargjestar!
Salet er i full gong, men her er fortsatt massevis av flotte varer til -50% Så nøl ikkje med å ta turen innom.. ;) Ellers regnar eg med mange no gjer seg klar for ferieturen? Om det er noko du treng er det berre å stikke innom.. reiseseng? bilstol? barnestol til å ha med på turen (eller i veska)? badetøy? babycall? bæresele?...
Eg ynskjer iallefall alle volda gjestar og voldingar velkommen til sommarsal her hos meg! Og god tur til alle som reiser på tur no... kjør forsiktig!! Og ha ein strålande sommar!!
PS! Nye varer frå Name It er på plass.... hærleg serie til baby gut og jente, og litt til dei største til skulestart... og mykje mykje meir er på vei... ;)
Ha ei super veke folkens uansett om du har ferie eller er på jobb.. :)

onsdag 29. juni 2011

SAL SAL SAL

Ja, no er det tida for det store sommarsalet. Kampanja på Simo Duo/Kombi (pris 4999,- spar opptil 2100,-) varer ut morgondagen. Og det same gjer bilstolkampanja vi har med Akta Graco... Så om du kjem idag eller i morgon kan de gjere eit skikkeleg skuuuup!! ;) Ellers ryddar eg og ordnar og heng ut varer på salg, er berre ein vegg i butikken med varer til ordinær pris no (!!!) så no kan de spare mykje pengar... ;)
Eg la akkurat bort litt sommerhuer blant anna... ;) For vi byrjar faktisk straks å gjere klart for hausten.... skulestart, barnehagestart... varene kjem ut i butikk i god tid så de skal kunne kjøpe det de treng! Vi fekk blant anna inn ein sjønn serie til baby i fine fargar... Frå Name It. Og det kjem mykje mykje meir!! Nye merker denne hausten er blant anna Me Too!! Nokon som har kjenskap til dette merket?? ;) Meir om dette kjem..

PS!! Vi ventar inn regnkle frå Name It i byrjinga av juli.... så eg skal halde av til alle de som har venta tolmodig på regnsett denne regnfulle sommaren.... ;)

tirsdag 21. juni 2011

mandag 20. juni 2011

Åpningstider i sommar...

Hei hei... :) Då er vi i gong med ei ny veke. Mange har allereie starta på ferie, medan dei fleste må smøre seg med tolmodigheit nokre veker til. Eg har som vanleg ope til 16.30 kvardagar, torsdag til 18.00 og lørdag til 15.00.
Men frå og med denne veka kjem eg til å ha ope kvardagar til 16.30 (også torsdag) og lørdag til 15.00 (som vanleg)
Hadde tenkt å vente ei veke til, men etter som det er jonsok-aftan no på torsdag regnar eg med dei fleste vil heim til bålbrenning o.l...
Ha ei strålande veke folkens! Denne veka skjer det forsjellig på Hurlumhei... Så følg med!

fredag 17. juni 2011

VINNAR AV GÅVEKORT!

Først må eg berre tusen tusen takk....! Eg er heilt overvelda over alle dei superkjekke kommentarane på forige innlegg! Eg bukkar og neiar.. :) Men så.. no har eg fått hjelp av ein av våre kjekke kundar med trekking. Må gå riktig føre seg veit du.. ;)
Vinnar av gåvekort på 500kr blei...
tamtattatata.... Marlen Th. Raudøy
Gratulerer!
Men eg blei så gla for at så mange tok seg tid til å skrive ein kommentar så eg har trekt ut 3 stk som får trøstepremie. Dei får velgje seg ut ein BLAFRE koffert!
Og her kjem vinnarane:
Helene Garnes
Astrid Velsvik
Anita K. Rønneberg

Gratulerer! Premiane kan hentast på butikken.. :)
God helg folkens!!!!
PS!! Har foresten laga til eit stort stativ med varer til halv pris....!

onsdag 8. juni 2011

20.000 besøk på bloggen!!!!


Vi har hatt 20.000 unike besøk på vår blogg!! Det er jo heilt fantastisk og må sjølvsagt feirast! Vi vil derfor be alle som er innom å skrive ei lita helsing, ris eller ros, eller berre kven du er... så er du med i trekkning av gåvekort på 500kr!! Blir det mange som skriv seg på må eg nok vurdere litt trøstepremiar også.. ;)

tirsdag 7. juni 2011

30% på huer, sko og jakker


Skodda ligg tett idag.... så medan vi ventar på sol og varme slår vi til med 30% på ALLE sko, huer og jakker i butikken... :)
Tilbudet på Simo varer ut juni, og bilstol kampanja med Akta Graco!
Få på deg støvlane og ta deg ein tur då vel.. ;)

onsdag 1. juni 2011

SJOKKPRIS PÅ SIMO I JUNI!!!!


I juni kan du gjere eit kupp om du skal ha deg vogn!!! Babycare har ordna ei super kampanje på Simo vogner! Vi har ikkje så stor lagerkapasitet på butikken. Så vi må nok bestille etterkvart, så for å være sikker på å fa den vogna du ynskjer er det nok lurt å være tidleg ute.. ;)
Simo Duo 4999,- ord 6899,-
Simo Kombi 4999,- ord 7099

tirsdag 31. mai 2011

Hurlumhei på facebook


Som mange sikkert allereie veit så har vi side på facebook. Den blir oppdattert heile tida, nesten kvar dag om varer som er komt og gode tilbod. Bilder frå butikken og lignande.. :) Så om du ikkje viste det så legg eg ved ein link, du kan berre trykke på HURLUMHEI PÅ FACEBOOK så kjem du til vår side.. :)
Ellers kryssar vi fingrane for at vi snart får litt sol og varme!! Værmeldingane er på vår side framover... så det er berre å halde humøret oppe og gjere seg klar til sommarlege aktivitetar!
Kampanja på Akta Graco sine bilstolar held fram ut juni månad... men skal du være sikker på at vi har inne akkuratt den modellen du ynskjer kan det være smart å ikkje vente for lenge... ;)

onsdag 25. mai 2011

Trygg i trafikken- kampanje med Akta Graco

Torsdag 26.mai startar vi opp kampanja Trygg i trafikken med Akta Graco.

Ferien startar snart og mange legg no planar for ferien, og gjerne bilferie. Og kanskje tida er inne for skifte av bilstol til dei små? No har du iallefall sjansen til å få sikre, kvalitets stolar til knallprisar! Vi har fyllt opp i hyllene i butikken, og etterbestiller etter behov... :)

Her er ei oversikt over kva bilstolar som kjem på tibod: Logico S HP, bakovervendt 0-13 kg

Babystol inkl base. Enkel montering med base som sitt sikkert i bilen. Ekstra sidebeskyttelse mot samanstøt. Fempunktsele. Ekstra polstra og mjukt innlegg for nyfødte. Trekket kan enkelt takast av og vaskast på 3o grader.

Pris 1599,-

ord 1999,-


Cosmic Comfort S, framover og bakovervendt stol, 9-25kg

Integrert støttebein som gir enkel og sikker montering. Sidekollisjonsbeskyttelse og fempunktsele. Fyllt med Comfort Foam som formar seg etter barnets kropp. Mjuke puter mot hals og mage. Trekket vaskast på 30 grader.

Pris 2599,-

Ord 2999,-Belogic, bakovervendt 9-25kg

Forsterka sidekollisjonsbeskyttelse. Fempunktsele. 3 sitte posisjonar. Hovudstøtte er regulerbar i høgda. Den har mjukt oh komfortabelt sete og polstra sele. Trekket kan vaskast på 30 grader. Dette er den einaste stolen som har godkjent i PLUS TESTEN i si klasse (opp til 25kg)!

Pris 2999,-

Ord 3499,-


Logico LX Comfort, framovervendt 15-36 kg.


Ekstra djupe sidebeskytterar. Ryggstøtta er justerbar i høgda og kan også lenast noko bakover. Justerbar nakkestøtte og armlenar gir maksimal komfort. 2 koppeholdera i stolen. Trekket kan vaskast på 30 grader. Pris 999,-Ord 1399,-


Så no kan du gjere ein god handel!


Du kan lese annonse i lokalavisa Møre i morgon, og i bladet Foreldre og Barn. Kom innom så hjelp vi deg med å finne den rette stolen!

søndag 22. mai 2011

Gode tips.. :)









Det dukkar stadig opp nye nyttige saker som kan være "kjekt å ha" når ein har små barn. Vi prøvar så godt vi kan å sile ut det som ikkje er så nyttig, og satsar heller på produkt som vi meinar våre kundar kjem til å ha stor glede av.
Eit av dei er barnestolen Sack N Seat. Denne veg berre 80 gram og er utruleg enkel å ha med seg på tur og ikkje minst å bruke.. :) Du brettar den lett ut med ei hand og sleng den over ryggen på stolen så sitt barnet godt og trykt. Vi har den inne i alle fargar, pris 249,-






Eit anna produkt vi sel utruleg mykje av BearView. Spegel som monterast i bilen så du til ei kvar tid kan sjå barnet ditt, og barnet har noko fint å sjå på. Vi har også denne inne med ulike dyremotiv... hund, koala, bamse.. Pris 349,-




Også har vi endeleg fått inn Buggysnuggle. Den perfekte vogn posen i "mellomperioder" (vår/sommar/haust) . Den er i mjuk fleece, i ulike spreke design. Den er tilpassa til 5 punktsele og er 1 meter lang, så denne kan brukast lenge. Eit tips er at denne kan brukast i bilstolen på vinteren. Pris 799,-

torsdag 12. mai 2011

TUTTA

Tutta produserar komfortable og slitersterke kle for baby og små barn. Vi har valgt å ta inn eit parti denne våren med sommerkle til dei dei minste (str 62-92). Sjå på desse søte små! ;)



Tutta står for trygg og ekte kvalitet!

Bomullen dei brukar er av høgste kvalitet som pustar godt og nuppar minimalt. Alt av detaljar på plagga er valgt med omhu. Alle pyntesaumar, knappar, glidelås og andre metalldetaljar er er nikkelfrie og skal tåle same behandling som resten av plagget.

Alle deira produkt blir regelmessig testa av barn i aktiv leik og utfoldelse, det er nesten det viktigaste.

Tutta kle er frie for tungmetaller og kjemiklar, og er ph-nøytrale. Så dei treng ikkje vaskast før bruk.. :)

mandag 9. mai 2011

Reisetrille??

Då trur eg vi kan seie at sommaren er komen til Volda!
Pjuu...! så varmt det er!! :)
Supert med ein forsmak på sommarvarme!
Vi har no inne mange ulike triller.. Kanskje greit til ferie turen? Evt til 17.mai?
Kanskje ei som kan klappast sammen som ein paraply og tek minimalt med plass?

Evt ei lett trille med solskjerm?
Eller treng du kanskje plass til 2?
Kom innom så hjelp vi deg og finne den rette trilla til deg!




Her er nokre triller. Den første har vi inne i lilla, blått. Grei trille som kan justerast liggestilling på og med ei vareveske bak. pris 299,-

Dei to andre en søskenvogne som vi har inne med jamne mellomrom og som kan være bestillingstid på. Pris på vogna er 2999,-
Tvillingtrilla kostar 1399,-

Ellers er Acta Graco Fusion ei trille som er heilt super.. :) Vi har den inne i svart, blått og rødt. Kan brukast heilt frå fødselen av. Pris 2299,-
Sjå video ved å trykke HER