Klær leker og utstyr til barn frå 0-12år

onsdag 29. juni 2011

SAL SAL SAL

Ja, no er det tida for det store sommarsalet. Kampanja på Simo Duo/Kombi (pris 4999,- spar opptil 2100,-) varer ut morgondagen. Og det same gjer bilstolkampanja vi har med Akta Graco... Så om du kjem idag eller i morgon kan de gjere eit skikkeleg skuuuup!! ;) Ellers ryddar eg og ordnar og heng ut varer på salg, er berre ein vegg i butikken med varer til ordinær pris no (!!!) så no kan de spare mykje pengar... ;)
Eg la akkurat bort litt sommerhuer blant anna... ;) For vi byrjar faktisk straks å gjere klart for hausten.... skulestart, barnehagestart... varene kjem ut i butikk i god tid så de skal kunne kjøpe det de treng! Vi fekk blant anna inn ein sjønn serie til baby i fine fargar... Frå Name It. Og det kjem mykje mykje meir!! Nye merker denne hausten er blant anna Me Too!! Nokon som har kjenskap til dette merket?? ;) Meir om dette kjem..

PS!! Vi ventar inn regnkle frå Name It i byrjinga av juli.... så eg skal halde av til alle de som har venta tolmodig på regnsett denne regnfulle sommaren.... ;)

tirsdag 21. juni 2011

mandag 20. juni 2011

Åpningstider i sommar...

Hei hei... :) Då er vi i gong med ei ny veke. Mange har allereie starta på ferie, medan dei fleste må smøre seg med tolmodigheit nokre veker til. Eg har som vanleg ope til 16.30 kvardagar, torsdag til 18.00 og lørdag til 15.00.
Men frå og med denne veka kjem eg til å ha ope kvardagar til 16.30 (også torsdag) og lørdag til 15.00 (som vanleg)
Hadde tenkt å vente ei veke til, men etter som det er jonsok-aftan no på torsdag regnar eg med dei fleste vil heim til bålbrenning o.l...
Ha ei strålande veke folkens! Denne veka skjer det forsjellig på Hurlumhei... Så følg med!

fredag 17. juni 2011

VINNAR AV GÅVEKORT!

Først må eg berre tusen tusen takk....! Eg er heilt overvelda over alle dei superkjekke kommentarane på forige innlegg! Eg bukkar og neiar.. :) Men så.. no har eg fått hjelp av ein av våre kjekke kundar med trekking. Må gå riktig føre seg veit du.. ;)
Vinnar av gåvekort på 500kr blei...
tamtattatata.... Marlen Th. Raudøy
Gratulerer!
Men eg blei så gla for at så mange tok seg tid til å skrive ein kommentar så eg har trekt ut 3 stk som får trøstepremie. Dei får velgje seg ut ein BLAFRE koffert!
Og her kjem vinnarane:
Helene Garnes
Astrid Velsvik
Anita K. Rønneberg

Gratulerer! Premiane kan hentast på butikken.. :)
God helg folkens!!!!
PS!! Har foresten laga til eit stort stativ med varer til halv pris....!

onsdag 8. juni 2011

20.000 besøk på bloggen!!!!


Vi har hatt 20.000 unike besøk på vår blogg!! Det er jo heilt fantastisk og må sjølvsagt feirast! Vi vil derfor be alle som er innom å skrive ei lita helsing, ris eller ros, eller berre kven du er... så er du med i trekkning av gåvekort på 500kr!! Blir det mange som skriv seg på må eg nok vurdere litt trøstepremiar også.. ;)

tirsdag 7. juni 2011

30% på huer, sko og jakker


Skodda ligg tett idag.... så medan vi ventar på sol og varme slår vi til med 30% på ALLE sko, huer og jakker i butikken... :)
Tilbudet på Simo varer ut juni, og bilstol kampanja med Akta Graco!
Få på deg støvlane og ta deg ein tur då vel.. ;)

onsdag 1. juni 2011

SJOKKPRIS PÅ SIMO I JUNI!!!!


I juni kan du gjere eit kupp om du skal ha deg vogn!!! Babycare har ordna ei super kampanje på Simo vogner! Vi har ikkje så stor lagerkapasitet på butikken. Så vi må nok bestille etterkvart, så for å være sikker på å fa den vogna du ynskjer er det nok lurt å være tidleg ute.. ;)
Simo Duo 4999,- ord 6899,-
Simo Kombi 4999,- ord 7099