Klær leker og utstyr til barn frå 0-12år

mandag 11. juli 2011

Ferie??

Eg kjenner feriemodusen kjem krypandes.... den sig innover meg... ungane mine er allereie i feriemodus etter ei super langhelg med besteforeldre og tanter. Men vi er ikkje heilt i mål endå... Ei veke (pluss 3 små dagar..) så tek Elisabeth over Hurlumhei i 2 veker! Tjooohei så kjekt ho skal få det! I Volda er feriefolket allereie på plass og det er nye fjes innom dagleg med handleglade sommargjestar!
Salet er i full gong, men her er fortsatt massevis av flotte varer til -50% Så nøl ikkje med å ta turen innom.. ;) Ellers regnar eg med mange no gjer seg klar for ferieturen? Om det er noko du treng er det berre å stikke innom.. reiseseng? bilstol? barnestol til å ha med på turen (eller i veska)? badetøy? babycall? bæresele?...
Eg ynskjer iallefall alle volda gjestar og voldingar velkommen til sommarsal her hos meg! Og god tur til alle som reiser på tur no... kjør forsiktig!! Og ha ein strålande sommar!!
PS! Nye varer frå Name It er på plass.... hærleg serie til baby gut og jente, og litt til dei største til skulestart... og mykje mykje meir er på vei... ;)
Ha ei super veke folkens uansett om du har ferie eller er på jobb.. :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar