Klær leker og utstyr til barn frå 0-12år

onsdag 21. september 2011

Barnas dager i Volda denne helga... :)

Ja, denne veka håpar eg det blir mykje kjekt for dei minste.. :) Det er nemmeleg Barnas dager! På butikken renn det inn med varer kvar dag! Det er så mykje fint inne no!!! Og folk har tydelegvis starta å gjere dei små klare for kaldare tider.. ull, dressar, vottar, huer... Det går mykje varer ut no! :) Og det er jo høgsesong for bytte til vinterpose, det merkast! Vi har denne helga tilbod på Voksi-pose. Denne prisen får de kunn denne helga, og antalet posar er begrensa... ;) Stikk innom oss då vel!

tirsdag 13. september 2011

ERGO BABY


Ergo bæresele er eit rimeleg og lett alternativ til bæremeis. Den gir riktig støtte til både deg og barnet ditt og er lett, enkel å bruke og svært komfortabel. Du kan bære barnet på ryggen, magen eller hofta. Selen i seg sjølv veg berre 450 g, og barnet kjem heilt tett inntil ryggen din noko som gir ein heilt anna bæreopplevelse enn ei bæremeis når du bær på ryggen.

Ergoselen kan brukast som den er frå barnet er ca 3 mnd (7 kg) men med det formsydde babyinnlegget i bomull som kan kjøpast separat ligg barnet trygt i bæreselen frå fødselen av. I starten bær du barnet på magen, frå barnet er rundt 5 mnd kan du også bære på ryggen. Du kan fint bære barnet til det er 3-4 år eller mer (selen er testet for opp til 41 kg, men bær ikke lange perioder om gangen med barn over 18 kg om du ikke er vant til å bære på denne måten.


Ergo bæresele blei kåra til Best i test i svenske Föräldrar & Barn hausten 2010!No er den på plass på HURLUMHEI! Vi har den inne i ulike design.. :) Kom og prøv den, og sjå kor enkel den er i bruk.. :)

torsdag 8. september 2011

Sophie La Girafe

Sophie La Girafe er ei svært omtala barneleike som er ypperleg for små barn med såre gummar. Ho såg dagens lys i Frankrike i 1961 og har sidan den gong blitt gitt i gåve til millionar av små barn verda rundt! Det selgast ca 800.000 av denne herlege, vesle sjiraffen kvart år. No er den på plass i hyllene i Volda... :)



torsdag 1. september 2011

Hurlumhei på ROVDETWIST!!...

Har du lagt planar for helga??
Om du ikkje har det så er det mykje som skjer på Rovde (mi heimbygd i Vanylven for de som ikkje veit kor det er..) denne helga! Årets happening er ROVDETWIST... Og i år har eg sagt ja til å stille med salgsbod.. :)
Dette blir spennande... første gong for meg! Men eg trur det blir veldig kjekt!
Det blir mykje som skjer frå kl 10-17, med aktivitetar for borna: hoppeslott, ansiktsmaling, fiskekonkurranse, tombola, klovnen Tita, hesteriding og mykje mykje meir.... :)
Ellers blir det mykje god mat å få kjøpt, underhaldning av ymse slag, MC oppvisning og parade... Og kvelden blir avslutta med bygdedans der Vestlandsfanden spelar!
Ta dokke ein tur då vel!!!!
Eg kjem til å ha med nokre varer med ROVDETWIST pris... altså billig billig... ;) Og ellers mykje forsjellig fint.. ;) Kom kom!!! :)