Klær leker og utstyr til barn frå 0-12år

fredag 28. august 2009

Vinn gåvekort!!

Vi er så gla for all den gode responsen vi har fått, og har tenkt å gi litt tilbake!

Vi deler ut eit gåvekort, verdi 500kr!

Alt du treng å gjer er å legge igjen ei helsing!

Om du har blogg eller ei er det berre å trykke på komentarfeltet, (om du ikkje har blogg velg identitet: anonym) legg igjen navn, og om du skriv om konkuransen på bloggen din og legg ut link til HURLUMHEI-bloggen, får du 2 lodd når vi trekk vinnaren! (skriv i kommentaren om du legg ut link på din blogg)

Vi trekkjer vinnaren før åpninga 10.sept!
Og husk å legg igjen mail addresse evt. tlf nr så vi kan nå deg om du er vinnaren!

onsdag 26. august 2009

Ull-kle har kome i hus....

Vi er på butikken kvar dag no. Skruar, monterar, pakkar opp varer... Dagane går fort og butikken byrjar å fyllast! Men vi er overraskande rolege.. Trur vi ligg greit ann med tanke på at vi har 2 veker igjen til åpning!
Sjølv om det er herlege sommar-temperaturar ute, er hausten her. Og det blir nok kaldare i lufta og våtare vær. Vi har fått inn mykje ull-kle både til dei aller minste og dei litt større.. Ull er varmeregulerande i mildt vær, og varmar og isolerar på kalde og sure dagar. Plaga absorberar opptil 30% fukt utan att det kjennes vått!
Og Janus si barneull er lettstelte plagg som kan vaskast i maskin og tørkast i trommel.




søndag 23. august 2009

Lys i butikken!

Hurra, hurra, hurra!! Skal bli godt å sleppe å gå der i tusse-mørket!Endeleg har det blitt lys! I helga er det meste av belysning på plass!Og det takka være desse karane! Frank og Jørn.. Super-hjelparane våre!
Vi er så gla for alle som vil hjelpe oss! Hadde vi ikkje vore så heldige å hatt gode venner som stiller opp, hadde vi nok ikkje komt i mål.. Ei ekstra stor takk til Jørn, som driv Aasebø & Ulvestad Elektro i Volda, som stilte på dugnad på fridagen sin! Han har ordna ut og laga plan på belysning og råda to damer som eigentleg ikkje har så mykje greie på slikt.. ;)Eg og ungane var der å hjelpte til (les: gjekk i vegen/reiv ned/masa)... Og det tek på for dei minste hjelparane våre. Adele la seg rett ut på sofaen og sov ein times tid. Då var batteria ladda og klar for nye lurerier..


onsdag 19. august 2009

Barnevogner på vei...

Det er stor forsjell på klimaet i Mellom Europa og her i Norge. Tenk berre på dei 240 gjennomsnittlege dagane med regn her på Vestlandet og kor bitande kaldt her kan være. Vi har derfor valgt levrandørar som er laga for norske forhold. Vognene er testa i alt slags vær, og tåler difor alt slags vær!Simo Kombivogn
Simo vogner er laga av dyktige folk med erfaring og kunnskap. Alle tekstiler er impregnerte, og er i tillegg er alle utvendige stoff belagt med eit PVC-fritt material. Og alle saumar er sveisa. Som einaste barnevognsprodusent på markedet kan dei garantere at vogna faktisk er vatn- og vindtett! Brio Happy-vogn
Brio satsar på kvalitet, design og funksjonalitet. Vognene er ikkje berre ei vogn, men eit konsept. Ein kan sjølv sette saman dei seperate delane, og velgje sjølv korleis du vil ha den. Dei har mange flotte fargar å velgje i, så kombisjonane er mange! Tross nette og smidige størrelsar på vognene, har dei dei store vognene sine egenskapar. Mykje å velgje i for spontane og aktive foreldre!
Carena Easy -trille
Reisetriller, shoppingtriller med mange moglegheiter! Dei er stødige og samtidig lette og smidige. Mange flotte modelar i ulike fargar!

søndag 16. august 2009

Omtale i lokalavisene og IKEA-handelen i boks

Både Møre og Mørenytt kontakta oss og ville skrive litt om butikken vår. Og det stilte vi sjølvsagt opp på! Vil jo at flest mogleg skal få høyre om butikken!
Og vi fekk både farge-bilder og god omtale!
Ellers kan eg no bekrefta at eg kom meg heil-skinna gjennom IKEA-handle turen. Vi brukte akkuratt 5 timar før alt var på plass. Og det var ikkje snakk om cm i slingringsmon.. Det var fullstappa! Men no er iallefall innredninga på plass. Og vi kan byrje å skru... og skru og skru.. Men blir nok så bra! :)

PS! Må nytte høve til å få takke for lån av bil til svigerfar, og lån av hengar av Jørn!

torsdag 13. august 2009

Nå har vi egen nettside...

Nettsiden vår er endelig publisert...men det gjennstår noe redigering av tekst...og er det mange som ser menyen skjevt?? Legg igjen en kommentar om nettsida vår da vel..?
www.hurlumhei.net

God tur Solveig!

Takka være service nivået på IKEA reiser Solveig og Frank til Bergen for å handle innredning til butikken denne helga. Jeg ønsker bare lykke til og håper at alt går smertefritt...TUSEN TAKK for innsatsen!!! Prøv å slappe av og kos dere på IKEA og mest i Bergen ;) Så blir jeg her å holder hjula igang ;)

mandag 10. august 2009

1 månad igjen til åpning

Idag er det ein månad igjen til åpningsdagen vår!!
Rekk vi alt vi har tenkt???
Får vi det vi har bestilt??
Kjem det folk og handlar med oss??
Det er mykje å tenke på dagane, men heldigvis har vi nok å gjer, så har ikkje så mykje tid til å tenke på sånt... ;)






Har pakka opp kasse.. på kasse.. på kasse med flotte klede frå Name It siste dagane.
Har fått så mykje fint som vi gler oss til å få vise fram!
Også må eg berre få sei at det er så kjekt at de har byrja å legge igjen helsingar her på bloggen vår!! Det er kjekt både med ris og ros.. :)


lørdag 8. august 2009

Knuste ruter og høg puls...

...å bli oppringt av politiet midt på natta er ikke noe særlig...pulsen steig mange hakk...det var knust ruter på butikken...mange tanker rasa i hodet...har det vært innbrudd, herverk, er noe stjålet? Er forsikring i orden?? Hva gjør vi?
Etter å ha samla tankene litt var det bare å få på seg klær, hoppe i bilen og ta skaden i øyesyn...det var en lettelse å se at det kun var ruta som var knust og at alt inni butikken var inntakt...det var til og med den minste ruta som var knust...så var det bare å finne frem feiekosten å sope sammen glass før hullet ble tettet med en plate. ..Tok litt tid å få roen tilbake, det var ikke så lett å få sove igjen etterpå...den mest fremtredende tanken var: Noe så vanvittig unødvendig...hva har noen igjen for å gjøre slikt? Håper det ordner seg for oss og for de andre som fikk rutene knust i natt...

http://smp.no/article/20090808/NYHETER/140101658/1002/NTBI

torsdag 6. august 2009

Vi målar og målar...

Tenkte eg skulle vise fargane som vi brukar på butikken..
Er faktisk skarpare farge i verklegheita! Vart litt blasse på bildet ser eg.
Har måla i to laaaange dagar no, og byrjar å sjå slutten! Og det blir så fint! Gle dykk til å kome og handle hos oss!
Så eit bilde av leikarhuset eller barnebingen i butikken. Ikke heilt ferdig, men ville berre vise eit bilde. Her kan de plassere ungane trygt, så de får handle i fred og ro utan å være redde for å at dei riv ned butikken. Sjølvsagt skal ungane få springe fritt i butikken, men av eiga erfaring er det veeeeldig hærleg å få kike i fred og ro! ;)
Her skal det fyllast opp med møblar og leiker så ungane får å styre med.
Så nokre bilde av malemesterane sjølv!
Eli var lite villeg til å posere.. men skal nok få knipsa bedre bilde av ho etterkvart..

Vi har forresten fått varer idag. Mykje fine ting!! Skal prøve å få knipsa nokre bilder i morgon så de får ein liten smakebit på kva det kan vente dykk!

søndag 2. august 2009

1000 besøk på bloggen...wow

Der bikka vi 1000 besøkende på bloggen...ska sei...ca 100 besøk for dag...kjekt, men hvem er dere alle sammen...og ka tenke dere om Hurlumhei...lite kommentarer...:) håper iallefall dere sprer nyheten om ny butikk i Volda til venner, bekjente og dei dokke måtte treffe på i gata :)
Vi ser frem til butikken er ferdig og alle varene er på plass...og vi kan åpne dørene og ønske dere hjertelig velkommen til oss! Lang tid, og kort tid, til september folkens!!!