Klær leker og utstyr til barn frå 0-12år

torsdag 1. september 2011

Hurlumhei på ROVDETWIST!!...

Har du lagt planar for helga??
Om du ikkje har det så er det mykje som skjer på Rovde (mi heimbygd i Vanylven for de som ikkje veit kor det er..) denne helga! Årets happening er ROVDETWIST... Og i år har eg sagt ja til å stille med salgsbod.. :)
Dette blir spennande... første gong for meg! Men eg trur det blir veldig kjekt!
Det blir mykje som skjer frå kl 10-17, med aktivitetar for borna: hoppeslott, ansiktsmaling, fiskekonkurranse, tombola, klovnen Tita, hesteriding og mykje mykje meir.... :)
Ellers blir det mykje god mat å få kjøpt, underhaldning av ymse slag, MC oppvisning og parade... Og kvelden blir avslutta med bygdedans der Vestlandsfanden spelar!
Ta dokke ein tur då vel!!!!
Eg kjem til å ha med nokre varer med ROVDETWIST pris... altså billig billig... ;) Og ellers mykje forsjellig fint.. ;) Kom kom!!! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar