Klær leker og utstyr til barn frå 0-12år

fredag 15. juli 2011

4ME Fusion+

-trilla som har alt!

Trilla har regulerbar rygg med god liggestilling, handlekorg, avtagbar frontbøyle, kalesje, justerbart fotbrett (nytt!), Airfill i sittedelen som gir god sirkulasjon, 5 punktsele og transportbag for oppbevaring på reise. Alt dette er inkludert!

Vogna er enkel å legge saman og superlett å trille med fjæring på alle hjul og svingbart forhjul. Det er også mulig å montere MaxiCosi Cabriofix på vogna, adapter er inkludert! Er det rart dette er ein favoritt?? Det er den perfekte reisetrille, og kan brukast frå barnet er heilt liten.. :)

Mål

Rygg 40 cm
Sete 24 cm

Sammenlagd L 72 cm, H 27-40 cm, B 35 cm

Vekt (berre) 6kg!

Så ta deg turen innom å sjå på trilla... den er svært så fin å sjå til også.. ;) Har 4 på lager no, resten var forhånds solgte.. ;)

Pris 1699,-


Vi fekk også påfyll av trilla 4ME Malmø... i lilla og blått.. pris 299,-

Ha ein flott fredagskveld så ser me kanskje i morgon?? :)

Det minkar på salgsvarer, men fortsatt mykje igjen!... og haustnytt kjem kvar dag.. Du finn garantert noko som fristar.. :)

mandag 11. juli 2011

Ferie??

Eg kjenner feriemodusen kjem krypandes.... den sig innover meg... ungane mine er allereie i feriemodus etter ei super langhelg med besteforeldre og tanter. Men vi er ikkje heilt i mål endå... Ei veke (pluss 3 små dagar..) så tek Elisabeth over Hurlumhei i 2 veker! Tjooohei så kjekt ho skal få det! I Volda er feriefolket allereie på plass og det er nye fjes innom dagleg med handleglade sommargjestar!
Salet er i full gong, men her er fortsatt massevis av flotte varer til -50% Så nøl ikkje med å ta turen innom.. ;) Ellers regnar eg med mange no gjer seg klar for ferieturen? Om det er noko du treng er det berre å stikke innom.. reiseseng? bilstol? barnestol til å ha med på turen (eller i veska)? badetøy? babycall? bæresele?...
Eg ynskjer iallefall alle volda gjestar og voldingar velkommen til sommarsal her hos meg! Og god tur til alle som reiser på tur no... kjør forsiktig!! Og ha ein strålande sommar!!
PS! Nye varer frå Name It er på plass.... hærleg serie til baby gut og jente, og litt til dei største til skulestart... og mykje mykje meir er på vei... ;)
Ha ei super veke folkens uansett om du har ferie eller er på jobb.. :)

onsdag 29. juni 2011

SAL SAL SAL

Ja, no er det tida for det store sommarsalet. Kampanja på Simo Duo/Kombi (pris 4999,- spar opptil 2100,-) varer ut morgondagen. Og det same gjer bilstolkampanja vi har med Akta Graco... Så om du kjem idag eller i morgon kan de gjere eit skikkeleg skuuuup!! ;) Ellers ryddar eg og ordnar og heng ut varer på salg, er berre ein vegg i butikken med varer til ordinær pris no (!!!) så no kan de spare mykje pengar... ;)
Eg la akkurat bort litt sommerhuer blant anna... ;) For vi byrjar faktisk straks å gjere klart for hausten.... skulestart, barnehagestart... varene kjem ut i butikk i god tid så de skal kunne kjøpe det de treng! Vi fekk blant anna inn ein sjønn serie til baby i fine fargar... Frå Name It. Og det kjem mykje mykje meir!! Nye merker denne hausten er blant anna Me Too!! Nokon som har kjenskap til dette merket?? ;) Meir om dette kjem..

PS!! Vi ventar inn regnkle frå Name It i byrjinga av juli.... så eg skal halde av til alle de som har venta tolmodig på regnsett denne regnfulle sommaren.... ;)

tirsdag 21. juni 2011

mandag 20. juni 2011

Åpningstider i sommar...

Hei hei... :) Då er vi i gong med ei ny veke. Mange har allereie starta på ferie, medan dei fleste må smøre seg med tolmodigheit nokre veker til. Eg har som vanleg ope til 16.30 kvardagar, torsdag til 18.00 og lørdag til 15.00.
Men frå og med denne veka kjem eg til å ha ope kvardagar til 16.30 (også torsdag) og lørdag til 15.00 (som vanleg)
Hadde tenkt å vente ei veke til, men etter som det er jonsok-aftan no på torsdag regnar eg med dei fleste vil heim til bålbrenning o.l...
Ha ei strålande veke folkens! Denne veka skjer det forsjellig på Hurlumhei... Så følg med!

fredag 17. juni 2011

VINNAR AV GÅVEKORT!

Først må eg berre tusen tusen takk....! Eg er heilt overvelda over alle dei superkjekke kommentarane på forige innlegg! Eg bukkar og neiar.. :) Men så.. no har eg fått hjelp av ein av våre kjekke kundar med trekking. Må gå riktig føre seg veit du.. ;)
Vinnar av gåvekort på 500kr blei...
tamtattatata.... Marlen Th. Raudøy
Gratulerer!
Men eg blei så gla for at så mange tok seg tid til å skrive ein kommentar så eg har trekt ut 3 stk som får trøstepremie. Dei får velgje seg ut ein BLAFRE koffert!
Og her kjem vinnarane:
Helene Garnes
Astrid Velsvik
Anita K. Rønneberg

Gratulerer! Premiane kan hentast på butikken.. :)
God helg folkens!!!!
PS!! Har foresten laga til eit stort stativ med varer til halv pris....!

onsdag 8. juni 2011

20.000 besøk på bloggen!!!!


Vi har hatt 20.000 unike besøk på vår blogg!! Det er jo heilt fantastisk og må sjølvsagt feirast! Vi vil derfor be alle som er innom å skrive ei lita helsing, ris eller ros, eller berre kven du er... så er du med i trekkning av gåvekort på 500kr!! Blir det mange som skriv seg på må eg nok vurdere litt trøstepremiar også.. ;)

tirsdag 7. juni 2011

30% på huer, sko og jakker


Skodda ligg tett idag.... så medan vi ventar på sol og varme slår vi til med 30% på ALLE sko, huer og jakker i butikken... :)
Tilbudet på Simo varer ut juni, og bilstol kampanja med Akta Graco!
Få på deg støvlane og ta deg ein tur då vel.. ;)

onsdag 1. juni 2011

SJOKKPRIS PÅ SIMO I JUNI!!!!


I juni kan du gjere eit kupp om du skal ha deg vogn!!! Babycare har ordna ei super kampanje på Simo vogner! Vi har ikkje så stor lagerkapasitet på butikken. Så vi må nok bestille etterkvart, så for å være sikker på å fa den vogna du ynskjer er det nok lurt å være tidleg ute.. ;)
Simo Duo 4999,- ord 6899,-
Simo Kombi 4999,- ord 7099

tirsdag 31. mai 2011

Hurlumhei på facebook


Som mange sikkert allereie veit så har vi side på facebook. Den blir oppdattert heile tida, nesten kvar dag om varer som er komt og gode tilbod. Bilder frå butikken og lignande.. :) Så om du ikkje viste det så legg eg ved ein link, du kan berre trykke på HURLUMHEI PÅ FACEBOOK så kjem du til vår side.. :)
Ellers kryssar vi fingrane for at vi snart får litt sol og varme!! Værmeldingane er på vår side framover... så det er berre å halde humøret oppe og gjere seg klar til sommarlege aktivitetar!
Kampanja på Akta Graco sine bilstolar held fram ut juni månad... men skal du være sikker på at vi har inne akkuratt den modellen du ynskjer kan det være smart å ikkje vente for lenge... ;)

onsdag 25. mai 2011

Trygg i trafikken- kampanje med Akta Graco

Torsdag 26.mai startar vi opp kampanja Trygg i trafikken med Akta Graco.

Ferien startar snart og mange legg no planar for ferien, og gjerne bilferie. Og kanskje tida er inne for skifte av bilstol til dei små? No har du iallefall sjansen til å få sikre, kvalitets stolar til knallprisar! Vi har fyllt opp i hyllene i butikken, og etterbestiller etter behov... :)

Her er ei oversikt over kva bilstolar som kjem på tibod: Logico S HP, bakovervendt 0-13 kg

Babystol inkl base. Enkel montering med base som sitt sikkert i bilen. Ekstra sidebeskyttelse mot samanstøt. Fempunktsele. Ekstra polstra og mjukt innlegg for nyfødte. Trekket kan enkelt takast av og vaskast på 3o grader.

Pris 1599,-

ord 1999,-


Cosmic Comfort S, framover og bakovervendt stol, 9-25kg

Integrert støttebein som gir enkel og sikker montering. Sidekollisjonsbeskyttelse og fempunktsele. Fyllt med Comfort Foam som formar seg etter barnets kropp. Mjuke puter mot hals og mage. Trekket vaskast på 30 grader.

Pris 2599,-

Ord 2999,-Belogic, bakovervendt 9-25kg

Forsterka sidekollisjonsbeskyttelse. Fempunktsele. 3 sitte posisjonar. Hovudstøtte er regulerbar i høgda. Den har mjukt oh komfortabelt sete og polstra sele. Trekket kan vaskast på 30 grader. Dette er den einaste stolen som har godkjent i PLUS TESTEN i si klasse (opp til 25kg)!

Pris 2999,-

Ord 3499,-


Logico LX Comfort, framovervendt 15-36 kg.


Ekstra djupe sidebeskytterar. Ryggstøtta er justerbar i høgda og kan også lenast noko bakover. Justerbar nakkestøtte og armlenar gir maksimal komfort. 2 koppeholdera i stolen. Trekket kan vaskast på 30 grader. Pris 999,-Ord 1399,-


Så no kan du gjere ein god handel!


Du kan lese annonse i lokalavisa Møre i morgon, og i bladet Foreldre og Barn. Kom innom så hjelp vi deg med å finne den rette stolen!