Klær leker og utstyr til barn frå 0-12år

mandag 28. desember 2009

Brrr... så kaldt det var å kome på jobb idag!!
Og så mykje snøv som har komt no siste døgnet.. :)
Håpar fleire enn oss syns det er stas å ha god tid i akebakken, og til testing av skikunstar no i romjula! :)
Tenkte berre eg skulle minne om at vi har ope frå 10 til 13 no i romjula..
Ha ei fortsatt fin romjul.. :)

torsdag 24. desember 2009

God jul alle sammen!

Da er vinnaren av gåvekortet trekt og den heldige vinnaren vart vår følgar Janne, ta kontakt så får du utlevert gåvekortet.

Vi minner om at gåver som skal byttast må byttast i romjula for å få full pris.
Velkomne til januarsal 5.januar!

GOD JUL ALLE SAMAN!!

fredag 18. desember 2009

KONKURRANSE!!

Vi tar oss den frihet å endre litt på reglane...alle som legg igjen ein kommentar på dette innlegget er med på trekninga av eit gåvekort på 500kr...trekninga skjer på juleaften...legg igjen en mail adresse slik at vi kan kontakte deg om du vinner...
følgarane på bloggen vår får 2 ekstra sjanser...LYKKE TIL!!

mandag 14. desember 2009

Lang ope..

Då går vi inn i innspurtene til jula, og vi har lang ope kvar dag til 20.00! Og fredag held vi ope til 22.00!
Det er berre 10 dagar igjen til julaftan! :)
Julestemninga har for lengst komt til Volda, men mange har fortsatt nokre gåver igjen på lista å handle. Så no kan du handle hos oss når det passar for deg! Før jobb, medan du er på jobb eller etter jobb.. Vi er her vi! :)
Håper vi sjåast!

tirsdag 8. desember 2009

Helseteppe i ull

Idag kom helseteppe i rein merinoull i butikken.. :)
Ingen ting er så godt og varmt som ull.. Vi fekk dei i fargane som på bildet.
Vi har i tillegg vanlege helsetepper i ulike fargar. Rødt, brunt, lime, grått, blått, cerise++
Kom innom å sjå! :)
Eit supert gåve tips til dei aller minste..
Ellers har vi fått inn fotside julekjolar til jenter 2-12 år, og har flott dress (bukse og vest) til gutta!
Fredag har vi langope til 20.00

lørdag 5. desember 2009

ASIA stellekommode NO:1599,-

Vi har ein nøttebrun ASIA stellekommode som skal ut :) Vi gir 20% avslag på prisen fordi dette stellebordet utgår fra lager og vi skal ta inn en annen modell. Stellekommoden har 4 gode skuffer, hjul, badebalje og stelletopp. Kan enkelt gjøres om til bare en kommode.
NO: 1599,- før:1999,-

tirsdag 1. desember 2009

Så er vi komt til desember

I dag er det 1. desember!
Endeleg er vi inne i adventstida som vi alle har gleda oss slik til! Vi merkar at julehandelen no har starta for fullt! Og ingen ting gledar oss meir.. ;)
Kom innom oss så hjelp vi deg med å sette saman den perfekte julegåva! Gåver som du finn hos oss kan være mjuke, harde, tøffe, søte, spennande, personlege og praktiske!
Kjøp medan utvalget er på topp!
Ha ei fin første veke i adventstida!
Og prøv å ikkje stresse for mykje.. det skal være mest kos! :)

Forresten... mange lurar på om vi har kle til litt større born. Og ja, det har vi! Vi har bornekle heilt opp i str 152 (11-12 år)..
Når vi starta opp hadde vi ein plan om å satse på kle i str 0-6 år, men vi merka fort etterspørsel etter kle til dei litt større. Så vi har mykje tøffe ting til dei eldste borna på butikken no! :)