Klær leker og utstyr til barn frå 0-12år

onsdag 20. juli 2011

Storsal... 70%

Då er eg komen til min siste arbeidsdag før ferien!! Gjett om eg gler meg til å fare på tur med desse galningane her:Sjølv om det har vore ein super vår og sommar så langt, med mykje besøk og god handel så må eg innrømme at eg gler meg veldig... :) Men.. plutseleg så er eg her igjen.. 2 veker suser nok fort! Men Elisabeth er heilt klar! Og eg er sikker på at ho klarar seg heilt fenomenalt! :)
Idag var eg tidleg på jobb for å ordne å fikse ymse... ikkje minst rydda og ordna til storsal! Masse flotte varer har eg no sett ned med heile 70%!! Name It, Costbart, Wheat.... Og kle frå Katvig og Villervalla får du no 50% på... :)
Ta deg ein tur då vel???
Velkommen skal de være alle mann iallefall ! ! !
Og masse lykke til Elisabeth!!

fredag 15. juli 2011

4ME Fusion+

-trilla som har alt!

Trilla har regulerbar rygg med god liggestilling, handlekorg, avtagbar frontbøyle, kalesje, justerbart fotbrett (nytt!), Airfill i sittedelen som gir god sirkulasjon, 5 punktsele og transportbag for oppbevaring på reise. Alt dette er inkludert!

Vogna er enkel å legge saman og superlett å trille med fjæring på alle hjul og svingbart forhjul. Det er også mulig å montere MaxiCosi Cabriofix på vogna, adapter er inkludert! Er det rart dette er ein favoritt?? Det er den perfekte reisetrille, og kan brukast frå barnet er heilt liten.. :)

Mål

Rygg 40 cm
Sete 24 cm

Sammenlagd L 72 cm, H 27-40 cm, B 35 cm

Vekt (berre) 6kg!

Så ta deg turen innom å sjå på trilla... den er svært så fin å sjå til også.. ;) Har 4 på lager no, resten var forhånds solgte.. ;)

Pris 1699,-


Vi fekk også påfyll av trilla 4ME Malmø... i lilla og blått.. pris 299,-

Ha ein flott fredagskveld så ser me kanskje i morgon?? :)

Det minkar på salgsvarer, men fortsatt mykje igjen!... og haustnytt kjem kvar dag.. Du finn garantert noko som fristar.. :)

mandag 11. juli 2011

Ferie??

Eg kjenner feriemodusen kjem krypandes.... den sig innover meg... ungane mine er allereie i feriemodus etter ei super langhelg med besteforeldre og tanter. Men vi er ikkje heilt i mål endå... Ei veke (pluss 3 små dagar..) så tek Elisabeth over Hurlumhei i 2 veker! Tjooohei så kjekt ho skal få det! I Volda er feriefolket allereie på plass og det er nye fjes innom dagleg med handleglade sommargjestar!
Salet er i full gong, men her er fortsatt massevis av flotte varer til -50% Så nøl ikkje med å ta turen innom.. ;) Ellers regnar eg med mange no gjer seg klar for ferieturen? Om det er noko du treng er det berre å stikke innom.. reiseseng? bilstol? barnestol til å ha med på turen (eller i veska)? badetøy? babycall? bæresele?...
Eg ynskjer iallefall alle volda gjestar og voldingar velkommen til sommarsal her hos meg! Og god tur til alle som reiser på tur no... kjør forsiktig!! Og ha ein strålande sommar!!
PS! Nye varer frå Name It er på plass.... hærleg serie til baby gut og jente, og litt til dei største til skulestart... og mykje mykje meir er på vei... ;)
Ha ei super veke folkens uansett om du har ferie eller er på jobb.. :)