Klær leker og utstyr til barn frå 0-12år

tirsdag 30. august 2011

På tide med ei oppdattering...


No nærmar også denne månaden seg slutten... kvar blei august av??? Her på butikken har eg hatt super travle, superkjekke dagar.. og har fått inn super mykje fine varer! Ikkje for å skryte... eller.. det tykkjer eg faktisk at eg kan gjere. For det er ikkje berre eg, men alle som er innom synes haustvarene er heilt topp! :) Og kjekt er det.. :) Ulldressen som de ser på bildet er vi faktisk snart tomme for.. den er berre super mjuk og god... og i 100% ull, og ingenting er så godt å ha på kroppen som ull no når det byrjar å bli kaldare. Men for de som har bekymra dykk for at det allereie har blitt utplukka i størrelsar på ulla.. det kjem mykje, MYKJE meir!!! Ta det heilt med ro... eg har satt opp ulike leveringar heilt fram til feb 2012.. :)


Og som mange allreie har fått med seg så er vinterdressane frå Mikk Line på plass. Mange har sikra seg dressar og fått dei i hus, og det ser ut som om det kan være lurt... :) For dette er dressar som borna kan ta i bruk allereie no! Den har for i ull-fleece (som i seg sjølv er ein super dress og kan brukast under regnkle, til å sove ute i vogn o.l...). Så om du tek ut foret kan du bruke dressen no... med for i vinter, og fortsette utover våren uten for.. Heilårsdress! Den er vasstett 8000mm, og held varmt ned til -25
Ellers kunne eg har ramsa opp side opp og side ned med varer som er komt siste vekene.. det skal de sleppe.. ;) Men eg kan gi dykk nokre stikkord:
Stonz i nye design
Masse stilig frå JaBaDaBaDo
Dunpose frå Ticket to Heaven
Lammeskinn-pose
Regntrekk til vogn med stilige print
Mykje kjekke ting frå CarloKids
Ull/bomull
100% ull nattdress, body, trøye og longs
Nye varer frå Name It kvar dag!
Og mykje mykje meir... :)
Ta deg ein tur då vel!

fredag 12. august 2011

Kvardag igjen...



Då er ferien for i år... vi fekk fantastiske veker i Sverige! :) Dagen etter vi var komt heim var det ein dag på jobb for meg før eg sette meg på flyet til Oslo for motemesse og innkjøp for våren 2012! Ekstra spennande sidan det blei det første store innkjøpet for meg åleine (utan Eli).. men det gjekk faktisk over all forventning! Som vanleg var det aaaaalt for mykje fint å velgje i.. men eg er så fornøgd med det som enda opp på mine bestillingslister! De kan berre gle dykk!!



Men dette er altså til våren... laaangt opp og fram.. No har dei fleste byrja på jobb og ungane i barnehage. Og over helga er det skulestart og kvardagen er her igjen.. Trur dei fleste synes det er greit å kome seg i rute igjen.. ;) Eg kjenner iallefall at eg er klar for det! Nye varer kjem kvar dag no!!! Det er berre så spennande å åpne kasser å få varene ut i butikk! Det er noko av det kjekkaste eg veit!! Og eg merkar at kundane er like klar som meg og gjer seg klar for haust og kaldare tider. Det er allereie stor etterspørsel etter både ull, vinterdressar o.l.. Eg ventar mykje ull i neste veke, og vi har fått inn litt frå Name It.. :) Vinerdressane må de nok vente ein månad til på.. minst! ;) Men eg har fått inn dunposar frå Ticket 2 Heaven. Fantastiske vinterposar i super kvalitet! Populære!! :) Ellers byrjar veggane å fyllast opp med kvardagskle til liten og stor.. :) Første levering frå Villervalla er allereie på plass i hyllene, kle frå Name It kjem det kvar dag.. og mykje.. veldig mykje er på vei!! Regnar med å ha varer både frå Katvig, Joha og Me Too (nytt merke denne hausten) på plass i neste veke.. :) Å kor mykje fint vi skal få kle opp våre små håpefulle med denne hausten!! ;)

GOD HELG!!