Klær leker og utstyr til barn frå 0-12år

onsdag 25. november 2009

Nytt fjes hos oss

Denne kjekke jenta, med navn Anika Karen blir å sjå på butikken hos oss framover til jul.. :)
Skal bli kjekt å få deg med på laget.. :)

tirsdag 24. november 2009

Snart jul...opningstider på HuRLuMHei i advent

Man.-Fre. 10.00 - 16.30
Tors. 10.00 - 18.00
Laur. 10.00 -16.00

Frå fredag 11. til mandag 21. desember 10.00 - 20.00

Ekstra!
Fredag 27.nov. 10.00 - 20.00
Fredag 18.des. 10.00 - 22.00
Tirsdag 22.des. 10.00 - 22.00
Vesle julaftan 10.00 - 18.00
Julaftan 10.00 - 12.00


God julehandel, håpar vi sjåast ;)


Romjula 10.00-14.00
Nyttårsaftan 10.00-12.00

Stengt mandag 4.jan. p.g.a. varetelling

Varer som skal byttes må byttes i romjula om du vil ha full pris tilbake.
Når Januarsalget begynner gis ny salgspris for byttevarer.

torsdag 19. november 2009

Vi har mykje fint sengetøy!!
Og no har vi 30% avslag på ALT sengetøy frå Baby Dan!
gjeld 19.-21.nov.

Dette er sengekle i topp kvalitet, mjuke og held seg vask etter vask. Kom innom å sjå alle dei ulike mønster og størrelsane!

God helg!!

onsdag 18. november 2009

Litt bilder frå butikken

Tenkte eg skulle vise litt bilder frå butikken.. bilda blei ikkje så bra med "super-kameraet" som eg hadde for handa, men eit vist inntrykk får de!
Fleire venner og bekjente som ikkje bur her i distriktet fylgjer ivrig med på bloggen, så då er det kjekt å få vist fram litt av butikken til de og.. :)
Her er mykje fint til julegåvehandelen.. Kjekke pakkar, mjuke, harde, spennande, søte og praktiske pakkar! :)

Vi har fått inn meir varer frå Smallstuff.. :) Tepper, sengetøy, sengekant og mykje anna til barneroms-dekorering.. :)

Dei viser verkeleg igjen!

Ha ei fortsatt fin veke!

lørdag 14. november 2009

Jumina

Jumina er norsk design. Ho lagar fantastiske kle i naturmaterial av ull, silke, lin og økologisk fair trade bomull. Kleda og tilbehøret er av høg kvalitet og unike i sitt slag. Kvart plagg blir produsert i få eksemplar.
Tenk at vi på¨Hurlumhei" har vore så heldige å få eit unikt lite utvalg her hos oss!
Jakker, kjolar, tunika og huer..
Vi gjekk berre å surra medan vi pakka dei ut.. så nydelege! Må opplevast!.. :)
God helg!


onsdag 11. november 2009

Vil du jobbe på HuRLuMHei?

Vi treng nokon som kan jobbe hos oss frå no og ut året (evt. ekstrahjelp/vikar etter nyttår..). Det er i første omgong snakk om laurdagar, ettermiddag/kveldar og heile dagar når det trengs. Det er viktig at du er fleksibel og kan stille på kort varsel :)
Vi ser etter ein kreative person med stor interesse for barnekle, leiker og utstyr. Vi likar utadvendte, smilande sjeler som kan ta i et tak, ser kva som burde vore gjort, har initiativ og likar å snakke med kundar :)
Om dette høyrest ut som det kunne være noko for deg, eller du veit om nokon som du kan tipse om jobben, er det berre å stikke nedom butikken så vi får treffe deg, eller du kan sende oss ein mail hurlumhei.butikk@gmail.com
Solveig og Eli

tirsdag 10. november 2009

Julestasen finn du hos oss

Mange har allereie våre på utkikk ette finkle til jul. Og det er nok lurt og være tidleg ute..
Butikken er no full av fine kjolar, tunika, skjorter og bukser til jenter, 0-10 år.
Og finkle til guttaboys, 0-10 år: dress, vestar, slips og fine skjorter. Vil du at søskenflokken skal matche kvarandre på julaftan er det lurt å være tidleg ute så vi har dei rette størrelsane.. :)
Her er mykje fint, så nesten vanskeleg å bestemme seg for kva ein skal gå for.. ;)Ha ei fin veke! Og nyt det flotte været!


mandag 2. november 2009

Fleire kundar har komt med forespørsel på ulike varer dei ønskar vi skal få i sortemanget.. og vi prøvar så godt vi kan og følge opp! Derfor har vi no fått inn ulike produkt i butikken:
Dr Brown's
Dr Brown's er den einaste fullventilerte tåteflaska som med sin unike patenterte ventil fjernar luftbobler og vakum, og dermed minskar risikoen for kolikk.
Den reduserar negativt trykk som opparbeidast i ordinære flasker, og minskar fare for mellomøyrebetendelse.
Det positive trykket som oppstår i flaska kan sammenlignast med amming. Så flaska egnar seg både for brystmelk og morsmelkerstatning.
Dr Browns flasker er heilt fri for Bisfenol A (BPA), PVC og eftalater
Den einaste fullventilerte tåteflaska som garantert er utan lufbobler og vakum!



"On the go" flaskevarmer.
Etter berre eit trykk avgir den varme, og i løpet av få minutt held den ein temp på 49 grader. Den held seg varm i timesvis og kan brukast igjen og igjen.. For å klargjere den treng posen eit oppkok i nokre minutt, legg den vekk og ta den fram når du måtte ha bruk for den.. :)
Ytterposen passar til flasker i alle størrelsar, også til barnemat på glass.
100% giftfri

Vi har også inne Tummy Sleep. Den originale sovebjørnen. Den er laga for at nyfødte babyar skal føle seg trygge og komfortable når dei skal sove. Etter 9mnd i mors mage, kan det være vanskelig for ein nyfødt og tilpasse seg det nye miløet og mange nye rare lydar. Lyden som kjem frå bamsen er faktiske lydar som er tatt opp i mors mage! Ein kan også synge inn ein ein sang og lignande.. :)

Takk for tips! Og kom gjerne med fleire tips om gode produkt! :)