Klær leker og utstyr til barn frå 0-12år

onsdag 26. oktober 2011

Abeko regnkle -vinn eit gratis sett!

Denne veka har hausten vist seg frå si beste side med sol frå skyfri himmel og fine temperaturar. Og dette håpar eg alle nyt medan dei kan! ;) Men no har vi iallefall endeleg fått inn regnkle, regnvottar (med og utan for) og sydvest frå det kjente merket Abeko som mange har god kjennskap til! Regnklea kom sigrande ut i årets test av regnkle! Og det vil nok bli fleire våte dagar før vinteren sett inn for fullt vil eg tru..;) Vi har det inne i lilla og i turkis/svart, str 80-130.


Tenkte eg skulle gi vekk eit sett gratis!! Så om du delar sida/innlegget vårt på facebook eller blogg kan du være den heldige vinnar! Skriv inn under kommentar-feltet her på bloggen eller under innlegget på favebook! Eg trekkjer vinnar neste fredag (4.nov) ! !





torsdag 20. oktober 2011

Vinterdress sa du??

Idag fekk eg kosta bil for første gong i år... snøen kjem lenger og lenger ned... Brr... Kaldt er det også! Har du funne ut korleis du skal kle junior for å halde han/ho varm og tørr i vinter?? Om du fortsatt er usikker kan eg tipse om vår supre dress frå Mikk Line.. Har nok sagt det snart 1000 gongar.. men denne er verkeleg super. Vi har den frå 1-10 år, i ulike variantar med fast for og laust for... prisar frå 899,- Om du vil sjå test-resultat har eg link til den danske forbrukartesten (i Danmark er Mikk Line stort.. og no kjem den for fullt i Norge)
TRYKK HER FOR Å SJÅ TESTRESULTAT
Som de ser kom den på 2.plass og Reima på 3.plass. Og det er vel meir enn godkjent? ;)
Det minkar litt i strørrelsar... men om du er rask kan du være heldig å finne rette størrelsen før det blir tomt. Ellers slenger eg med annonsa som kom i Møre idag... :) Mange gode tilbod denne helga!



torsdag 6. oktober 2011

Mykje nytt... :)

Ja, no er det verkeleg mykje nytt i butikken... Det er haustferie, men sjølv om været ikkje spelar på lag så tek folk heldigvis turen innom alikevel. Alltid kjekt med feriefolk innom. Og veeeldi kjekt å få skryt for fine varer... kreeemt... ;) På bildet ser det noko av den nye serien som kom i går frå JOHA. 100% ull i super kvalitet.. Til gutta kom den i blå med elg i staden for blomst på... Bukse, body, genser og bukse. Denne er veeldig populær! ;)



Og idag kom det endeleg nye varer frå Villervalla!!!! Sjå desse fine fargane.. treng eg seie noko meir?? ;)





Så... då har de fått litt smakebitar på kva som kom! Mykje nytt som vi ikkje har hatt inne før. Og no har mange fått hatt Villervalla i hus og fått testa kvaliteten... så nå går desse varene fort. Og ingenting gjer meg meir gla! Dette er jo ein av mine store favorittar! :) Fekk også kassevis av nytt frå Name It denne veka. Har ikkje bilde no, men ta heller turen innom butikken å sjå! ;)


Ha ein fortsatt super haustferie for de som har det! Så får vi krysse fingrane for at det snart sluttar å regne så innmari! ;)