Klær leker og utstyr til barn frå 0-12år

mandag 28. desember 2009

Brrr... så kaldt det var å kome på jobb idag!!
Og så mykje snøv som har komt no siste døgnet.. :)
Håpar fleire enn oss syns det er stas å ha god tid i akebakken, og til testing av skikunstar no i romjula! :)
Tenkte berre eg skulle minne om at vi har ope frå 10 til 13 no i romjula..
Ha ei fortsatt fin romjul.. :)

torsdag 24. desember 2009

God jul alle sammen!

Da er vinnaren av gåvekortet trekt og den heldige vinnaren vart vår følgar Janne, ta kontakt så får du utlevert gåvekortet.

Vi minner om at gåver som skal byttast må byttast i romjula for å få full pris.
Velkomne til januarsal 5.januar!

GOD JUL ALLE SAMAN!!

fredag 18. desember 2009

KONKURRANSE!!

Vi tar oss den frihet å endre litt på reglane...alle som legg igjen ein kommentar på dette innlegget er med på trekninga av eit gåvekort på 500kr...trekninga skjer på juleaften...legg igjen en mail adresse slik at vi kan kontakte deg om du vinner...
følgarane på bloggen vår får 2 ekstra sjanser...LYKKE TIL!!

mandag 14. desember 2009

Lang ope..

Då går vi inn i innspurtene til jula, og vi har lang ope kvar dag til 20.00! Og fredag held vi ope til 22.00!
Det er berre 10 dagar igjen til julaftan! :)
Julestemninga har for lengst komt til Volda, men mange har fortsatt nokre gåver igjen på lista å handle. Så no kan du handle hos oss når det passar for deg! Før jobb, medan du er på jobb eller etter jobb.. Vi er her vi! :)
Håper vi sjåast!

tirsdag 8. desember 2009

Helseteppe i ull

Idag kom helseteppe i rein merinoull i butikken.. :)
Ingen ting er så godt og varmt som ull.. Vi fekk dei i fargane som på bildet.
Vi har i tillegg vanlege helsetepper i ulike fargar. Rødt, brunt, lime, grått, blått, cerise++
Kom innom å sjå! :)
Eit supert gåve tips til dei aller minste..
Ellers har vi fått inn fotside julekjolar til jenter 2-12 år, og har flott dress (bukse og vest) til gutta!
Fredag har vi langope til 20.00

lørdag 5. desember 2009

ASIA stellekommode NO:1599,-

Vi har ein nøttebrun ASIA stellekommode som skal ut :) Vi gir 20% avslag på prisen fordi dette stellebordet utgår fra lager og vi skal ta inn en annen modell. Stellekommoden har 4 gode skuffer, hjul, badebalje og stelletopp. Kan enkelt gjøres om til bare en kommode.
NO: 1599,- før:1999,-

tirsdag 1. desember 2009

Så er vi komt til desember

I dag er det 1. desember!
Endeleg er vi inne i adventstida som vi alle har gleda oss slik til! Vi merkar at julehandelen no har starta for fullt! Og ingen ting gledar oss meir.. ;)
Kom innom oss så hjelp vi deg med å sette saman den perfekte julegåva! Gåver som du finn hos oss kan være mjuke, harde, tøffe, søte, spennande, personlege og praktiske!
Kjøp medan utvalget er på topp!
Ha ei fin første veke i adventstida!
Og prøv å ikkje stresse for mykje.. det skal være mest kos! :)

Forresten... mange lurar på om vi har kle til litt større born. Og ja, det har vi! Vi har bornekle heilt opp i str 152 (11-12 år)..
Når vi starta opp hadde vi ein plan om å satse på kle i str 0-6 år, men vi merka fort etterspørsel etter kle til dei litt større. Så vi har mykje tøffe ting til dei eldste borna på butikken no! :)

onsdag 25. november 2009

Nytt fjes hos oss

Denne kjekke jenta, med navn Anika Karen blir å sjå på butikken hos oss framover til jul.. :)
Skal bli kjekt å få deg med på laget.. :)

tirsdag 24. november 2009

Snart jul...opningstider på HuRLuMHei i advent

Man.-Fre. 10.00 - 16.30
Tors. 10.00 - 18.00
Laur. 10.00 -16.00

Frå fredag 11. til mandag 21. desember 10.00 - 20.00

Ekstra!
Fredag 27.nov. 10.00 - 20.00
Fredag 18.des. 10.00 - 22.00
Tirsdag 22.des. 10.00 - 22.00
Vesle julaftan 10.00 - 18.00
Julaftan 10.00 - 12.00


God julehandel, håpar vi sjåast ;)


Romjula 10.00-14.00
Nyttårsaftan 10.00-12.00

Stengt mandag 4.jan. p.g.a. varetelling

Varer som skal byttes må byttes i romjula om du vil ha full pris tilbake.
Når Januarsalget begynner gis ny salgspris for byttevarer.

torsdag 19. november 2009

Vi har mykje fint sengetøy!!
Og no har vi 30% avslag på ALT sengetøy frå Baby Dan!
gjeld 19.-21.nov.

Dette er sengekle i topp kvalitet, mjuke og held seg vask etter vask. Kom innom å sjå alle dei ulike mønster og størrelsane!

God helg!!

onsdag 18. november 2009

Litt bilder frå butikken

Tenkte eg skulle vise litt bilder frå butikken.. bilda blei ikkje så bra med "super-kameraet" som eg hadde for handa, men eit vist inntrykk får de!
Fleire venner og bekjente som ikkje bur her i distriktet fylgjer ivrig med på bloggen, så då er det kjekt å få vist fram litt av butikken til de og.. :)
Her er mykje fint til julegåvehandelen.. Kjekke pakkar, mjuke, harde, spennande, søte og praktiske pakkar! :)

Vi har fått inn meir varer frå Smallstuff.. :) Tepper, sengetøy, sengekant og mykje anna til barneroms-dekorering.. :)

Dei viser verkeleg igjen!

Ha ei fortsatt fin veke!

lørdag 14. november 2009

Jumina

Jumina er norsk design. Ho lagar fantastiske kle i naturmaterial av ull, silke, lin og økologisk fair trade bomull. Kleda og tilbehøret er av høg kvalitet og unike i sitt slag. Kvart plagg blir produsert i få eksemplar.
Tenk at vi på¨Hurlumhei" har vore så heldige å få eit unikt lite utvalg her hos oss!
Jakker, kjolar, tunika og huer..
Vi gjekk berre å surra medan vi pakka dei ut.. så nydelege! Må opplevast!.. :)
God helg!


onsdag 11. november 2009

Vil du jobbe på HuRLuMHei?

Vi treng nokon som kan jobbe hos oss frå no og ut året (evt. ekstrahjelp/vikar etter nyttår..). Det er i første omgong snakk om laurdagar, ettermiddag/kveldar og heile dagar når det trengs. Det er viktig at du er fleksibel og kan stille på kort varsel :)
Vi ser etter ein kreative person med stor interesse for barnekle, leiker og utstyr. Vi likar utadvendte, smilande sjeler som kan ta i et tak, ser kva som burde vore gjort, har initiativ og likar å snakke med kundar :)
Om dette høyrest ut som det kunne være noko for deg, eller du veit om nokon som du kan tipse om jobben, er det berre å stikke nedom butikken så vi får treffe deg, eller du kan sende oss ein mail hurlumhei.butikk@gmail.com
Solveig og Eli

tirsdag 10. november 2009

Julestasen finn du hos oss

Mange har allereie våre på utkikk ette finkle til jul. Og det er nok lurt og være tidleg ute..
Butikken er no full av fine kjolar, tunika, skjorter og bukser til jenter, 0-10 år.
Og finkle til guttaboys, 0-10 år: dress, vestar, slips og fine skjorter. Vil du at søskenflokken skal matche kvarandre på julaftan er det lurt å være tidleg ute så vi har dei rette størrelsane.. :)
Her er mykje fint, så nesten vanskeleg å bestemme seg for kva ein skal gå for.. ;)Ha ei fin veke! Og nyt det flotte været!


mandag 2. november 2009

Fleire kundar har komt med forespørsel på ulike varer dei ønskar vi skal få i sortemanget.. og vi prøvar så godt vi kan og følge opp! Derfor har vi no fått inn ulike produkt i butikken:
Dr Brown's
Dr Brown's er den einaste fullventilerte tåteflaska som med sin unike patenterte ventil fjernar luftbobler og vakum, og dermed minskar risikoen for kolikk.
Den reduserar negativt trykk som opparbeidast i ordinære flasker, og minskar fare for mellomøyrebetendelse.
Det positive trykket som oppstår i flaska kan sammenlignast med amming. Så flaska egnar seg både for brystmelk og morsmelkerstatning.
Dr Browns flasker er heilt fri for Bisfenol A (BPA), PVC og eftalater
Den einaste fullventilerte tåteflaska som garantert er utan lufbobler og vakum!



"On the go" flaskevarmer.
Etter berre eit trykk avgir den varme, og i løpet av få minutt held den ein temp på 49 grader. Den held seg varm i timesvis og kan brukast igjen og igjen.. For å klargjere den treng posen eit oppkok i nokre minutt, legg den vekk og ta den fram når du måtte ha bruk for den.. :)
Ytterposen passar til flasker i alle størrelsar, også til barnemat på glass.
100% giftfri

Vi har også inne Tummy Sleep. Den originale sovebjørnen. Den er laga for at nyfødte babyar skal føle seg trygge og komfortable når dei skal sove. Etter 9mnd i mors mage, kan det være vanskelig for ein nyfødt og tilpasse seg det nye miløet og mange nye rare lydar. Lyden som kjem frå bamsen er faktiske lydar som er tatt opp i mors mage! Ein kan også synge inn ein ein sang og lignande.. :)

Takk for tips! Og kom gjerne med fleire tips om gode produkt! :)

torsdag 29. oktober 2009

Jul i Svingen

Janus har laga ein nydeleg kolleksjon til årets julekalender på NRK, Jul i svingen.
Ull-longsar, jakker, bukser, trøyer, vottar og huer.. Mykje fint! Og ikkje minst praktisk!
Det er blitt vinter og kaldt og då er det ikkje noko som er så godt å varme seg på som ull.. :)

Dette går fort.. Kjempe gode kle, i høg kvalitet til ein god pris! :)

tirsdag 27. oktober 2009

SMALLSTUFF

Då har vi fått første levering frå Smallstuff i butikken.. og meir kjem!
Dei har nydelege barneroms-tilbehør. Sengekle, tepper, leiker, dukkeseng og mykje mykje meir.. :)
Litt av det vi har fått inn.. hekla hakesmekker, hårpynt, vognpynt..
Ellers strøymer det på med fine kle frå Name It.. :) Ungane skal bli så fine her i distriktet!
Vi pakkar julegåver heile dagane no.. er vist ikkje lenge til jul!! :)


torsdag 22. oktober 2009

FestIVolda...langope og gode tilbod


Det er "FESTIVOLDA" og vi er med og feirar!

Fredag har vi langope til kl 19.00
Laurdag til kl 16.00

Og vi har mykje gode tilbod!!
Ein kan aldri få nok ull...denne helga har vi "ta 3 betal for 2" tilbod på Janus Ridder Slitesterk longs og trøye...kjekt inni vinterdressen eller som nattdress...
Gjer eit vognkupp...få 20% avslag på alle utstillingsmodeller frå Simo og Brio

Simo sportsvogn
Brio HAPPY duo vogn


Simo Kombivogn

Vi har fått inn mykje flott til barnerommet frå SmallStuff...kom og sjå!

søndag 18. oktober 2009

Herlege Elodie!!
Til åpninga tok vi inn ei beskjeden levering frå dei... Og varene gjekk fort!!
No har vi fått påfyll frå Elodie!!Snablefantane har flytta inn hos oss.. :) Deira mjuke, varme vognposar selde vi fort ut. No har vi fått inn nye i ulike, unike mønster og fargar.. :)


Tutekoppar, soft-sole-boots, stelle-vesker og hake-smekker.. Alt med fine finnesser og veldig brukarvendlege! Og så "matchar" alt så fint.. ;)Mjuke og dekrative kose/krabbetepper..

Mykje nytt og fint i butikken altså!!

Vi ynskjer nye og gamle kundar velkommen innom butikken.. :)

Ha ei fin veke!!

mandag 12. oktober 2009

JaBaDaBaDaDo

Vi har fått inn masse nye leiker frå ny levrandør.
Jabadabado har så mykje artig!! :)

fredag 9. oktober 2009

SIMO THERMO KOMFORT
vognpose
0-4 år
Dette er ein trinnvis termo-/sovepose for born.
Posen kan benyttes frå bornet er nyfødt til det er ca 4 år.
Posen si lengde justeres ved å ta av eller sette på den lause fotenden ved hjelp av ein glidelås. Posen har ermer slik at bornet får større bevegelsesfrihet når det sitt i feks vognen. Det kan fortsatt holde i ting, peke og være aktiv uten at de har posen nede rundt livet.
Fronten kan åpnes og brettes ned og festes ved hjelp av duffel-knapper. Baksida er spesialtilpassa for å festast i vogn eller pulk.
Utmerket som sovepose ned til -10ºC.
Spesifikasjoner:- Yttertekstilet er i flammehemmende materiale-
Innvendig tekstil: 100% polarfleece-
Fyll: Hullfiber (allerginøytralt)
Vaskes på maskinvask 60ºC og kan tørkes skånsomt i tørketrommel.
Vi har den inne i fargane: Svart, brunt og beige.
ord.pris: 1295kr
Vår pris: 799kr

torsdag 1. oktober 2009

Sjå kor mykje fint!! Nyheiter innom dørene...

Snoffs...heilskjønne bodyar og nattdressar str.62-74

Fin "strikka" body fra Name It, selebukse fra A Cats Tail

Vognleike fra Skummis...artige filurer :)



Bæresele fra In the pocket baby...passer fra fødsel til ca.4år...mange variasjonsmuligheter...