Klær leker og utstyr til barn frå 0-12år

torsdag 4. februar 2010

Endeleg..

..kan eg få vise fram litt bilder av nye, vårlege varer! Har ikkje vore venn med bloggen i det siste, har ikkje fått lasta inn bilder.. Men no gjekk det! :)
Vi har pakka ut maaaaaaaaaaaange kasser med nye varer!!!
Er så spennande!! :) Også så kjekt når varene lev opp til forventningane.. er ikkje alltid eit bilde stemmer med den faktiske vara. Men vi er super happy med alt som har komt!
De MÅ berre kome å sjå..
Har lagt ut mange fleire bilder på sida vår, på facebook.. :) Så kik innom der om du ikkje klarar å vente til du er innom butikken.. Trykk her for å kome til sida.

I tillegg til vårlege varer kjem det også nye utstyrsvarer. Tautonia vogner er på vei blant anna.. :) Og vi har no ei kampanje gåande på bilstolen (som er avbilda):
Acta Graco, Logico S
0-13kg
(Nyfødt – ca 9 månader)
Den nye babystolen Logico S er konstruert for å gi maksimal sikkerheit i alle bilar. Den er svært enkel i bruk og lett håntere.
Fleksibel
Den justerbare konstruksjonen gjer at Logico S sitt sikkert og stabilt sjølv i biler med bua seter. Like viktig er den ekstra sterke sidebeskyttelsen og at det er godt med plass å vekse på. Fempunktsselen kan justerast i tre høgder og komfortinnlegget gjer bilturen ekstra behagelig.
Stolen har base, som enkelt monterast og det er enkelt og sikkert å klikke stolen inn og ut.
Du får no stolen til 1998kr, og med på kjøpet får du no basen gratis! Du sparar 799kr!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar