Klær leker og utstyr til barn frå 0-12år

fredag 12. august 2011

Kvardag igjen...



Då er ferien for i år... vi fekk fantastiske veker i Sverige! :) Dagen etter vi var komt heim var det ein dag på jobb for meg før eg sette meg på flyet til Oslo for motemesse og innkjøp for våren 2012! Ekstra spennande sidan det blei det første store innkjøpet for meg åleine (utan Eli).. men det gjekk faktisk over all forventning! Som vanleg var det aaaaalt for mykje fint å velgje i.. men eg er så fornøgd med det som enda opp på mine bestillingslister! De kan berre gle dykk!!



Men dette er altså til våren... laaangt opp og fram.. No har dei fleste byrja på jobb og ungane i barnehage. Og over helga er det skulestart og kvardagen er her igjen.. Trur dei fleste synes det er greit å kome seg i rute igjen.. ;) Eg kjenner iallefall at eg er klar for det! Nye varer kjem kvar dag no!!! Det er berre så spennande å åpne kasser å få varene ut i butikk! Det er noko av det kjekkaste eg veit!! Og eg merkar at kundane er like klar som meg og gjer seg klar for haust og kaldare tider. Det er allereie stor etterspørsel etter både ull, vinterdressar o.l.. Eg ventar mykje ull i neste veke, og vi har fått inn litt frå Name It.. :) Vinerdressane må de nok vente ein månad til på.. minst! ;) Men eg har fått inn dunposar frå Ticket 2 Heaven. Fantastiske vinterposar i super kvalitet! Populære!! :) Ellers byrjar veggane å fyllast opp med kvardagskle til liten og stor.. :) Første levering frå Villervalla er allereie på plass i hyllene, kle frå Name It kjem det kvar dag.. og mykje.. veldig mykje er på vei!! Regnar med å ha varer både frå Katvig, Joha og Me Too (nytt merke denne hausten) på plass i neste veke.. :) Å kor mykje fint vi skal få kle opp våre små håpefulle med denne hausten!! ;)

GOD HELG!!


1 kommentar:

  1. veldig kjekt du tar inn Me Too, ein stor favoritt her i huset! :)

    SvarSlett