Vi er på butikken kvar dag no. Skruar, monterar, pakkar opp varer... Dagane går fort og butikken byrjar å fyllast! Men vi er overraskande rolege.. Trur vi ligg greit ann med tanke på at vi har 2 veker igjen til åpning!
Sjølv om det er herlege sommar-temperaturar ute, er hausten her. Og det blir nok kaldare i lufta og våtare vær. Vi har fått inn mykje ull-kle både til dei aller minste og dei litt større.. Ull er varmeregulerande i mildt vær, og varmar og isolerar på kalde og sure dagar. Plaga absorberar opptil 30% fukt utan att det kjennes vått!
Og Janus si barneull er lettstelte plagg som kan vaskast i maskin og tørkast i trommel.
Mykje flott. Nydelig den kjolen
SvarSlettKlem